Snarrådig lastebilsjåfør klarte å sløkke bilbrann

Ein snarrådig lastebilsjåfør med brannsløkkingsapparat vart berginga då bilen til kvinna tok til å brenne.

Bilbrann: Då Hornindal brannvesen kom fram til bilen i Holmøy var brannen var allereie sløkt då dei kom fram.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

Hornindal brannvesen og politiet rykka onsdag ettermiddag ut til ein bilbrann på E39 i Holmøy i nye Stad kommune, skriv avisa Fjordingen.

– Føraren som er heimehøyrande i Sande kommune var på veg retning Kjøs då ho oppdaga at det tok til å brenne frå motorrommet. Ho fekk stoppa bilen på ei busslomme, og til alt hell stoppa ein lastebilsjåfør rett etterpå. Han hadde pulverapparat og klarte å sløkkje brannen. Dermed var alt sløkt då brannvesenet kom på plass, seier politibetjent Tor Egedahl.

Lastebilsjåføren sin innsats kan ha hindra at bilen vart totalskadd. Bilen vart likevel henta av Jan's Bilberging og transportert til verkstad, opplyser Egedahl.

Saka er utveksla med avisa Fjordingen.