Uvêret skapar stor interesse for vår vind-app

Dei siste dagane med kraftig vind på kysten har ført til enda større oppslutnad rundt Fjordenes Tidende sin vind-app.

Tysdag kveld vart det målt vindkast på over 40 m/s.  

Nyheter

Over 2.000 personar har lasta ned appen Vindvarsler sidan den vart lansert i slutten av januar.

– Vi ser at appen er veldig populær og at den blir delt i ulike sosiale media. Vind og vêr engasjerer, seier ansvarleg redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

Han understrekar at ein får gode tilbakemeldingar på den nye appen.

Tilbodet er eit samarbeid mellom Fjordenes Tidende, Sebastian Fløysand Kvalheim, utflytta måløyværing Finn Humborstad i Triangel Security og andre lokale verksemder. Via eit kamera stilt inn rett på vindtavla på Måløybrua kan ein sjå nøyaktig kva vindstyrke det bles til kvar ei tid, og via appen som ein laster ned på telefonen eller nettsidene til Fjordenes Tidende kan ein så følge med på kvar minste endring i vindkasta.



– Eg ser det er mange som brukar den. Det er veldig kjekt å sjå med tanke på kor mange timar med arbeid som ligg bak dette, seier Kvalheim.

Han seier vidare at dei tekniske løysingane har fungert feilfritt, og med vindkast på over 40 m/s har ein fått testa at kameraet er godt montert.

– Det tekniske har fungert veldig fint. Slik vi har montert kameraet så kjem det aldri til å losne, lovar Kvalheim.