Krev fullgod ambulanseteneste

– Ambulansen er berebjelken i akutte situasjonar, enten den ruller på landevegen, flyr i lufta eller køyrer på sjøen

Sogn og Fjordane Senterparti krev fullgod ambulanseteneste i gamle Sogn og Fjordane, det vedtok dei i ein uttale på fylkesårsmøtet.

Sogn og Fjordane Senterparti krev fullgod ambulanseteneste i gamle Sogn og Fjordane, det vedtok dei i ein uttale på fylkesårsmøtet.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Ambulansen er berebjelken i dei prehospitale tenestene i akutte situasjonar, enten den ruller på landevegen, flyr i lufta eller køyrer på sjøen. Helse Førde vil omorganisere tenesta i gamle Sogn og Fjordane. Konsekvensane vert færre ambulansar og båtambulansar tilgjengeleg som ressursar i tenesta. Det gir ein negativ konsekvens for beredskapen. Det har Helse Førde sjølv uttalt,skriv Sogn og Fjordane Senterparti i uttalen som også er sendt til Helse- og omsorgsdepartementet og Helse Førde.