– Vi skal ikkje bli sjuke av maten

Sølvi Mulelid Hartvigsen seier at det elevane lærer om kjøkkenhygiene kan vere gode råd for alle.

Mat og helse: Elevar i ungdomsskulen lærer at når ein lagar mat må ein vere ekstra nøye med handvask og hygiene.  Foto: Siri Kolseth (Arkiv)

Nyheter

Som lærar ved Eid ungdomsskule er Sølvi Mulelid Hartvigsen ein av fire lærarar som underviser niandetrinnet i mat og helse. Ho seier at ho håper at elevane tar med seg i kvardagen sin det dei lærer på skulen om hygiene i mat- og helsefaget. På grunn av koronasituasjonen er det mange som lagar mat i heimane, og god kjøkkenhygiene har høg aktualitet.