Gjer fleire grep for å sikre seg sjølv og pasientane

Frontsoldatane held motet oppe i ei tøff tid

Som i resten av landet, står ambulansepersonellet i Selje også i frontrekka i krigen mot koronaviruset. Heltane i raudt føler ikkje på frykt i den utsette rolla, men vedgår at situasjonen får tankane til å gå.

Oppdatert: Monica Villard Austring og Janne Lunde ved ambulansestasjonen har daglege samtaler med leiinga i Helse Førde for å halde seg oppdatert på situasjonen.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Ein ellers hektisk kvardag, kan komme til å verte endå meir travel for dei seks tilsette på ambulansetasjonen i Selje. Dei to som var på dagvakt då Fjordenes Tidende tok kontakt, var Monica Villard Austring og Janne Lunde.