Har framleis ikkje fått påvist smitte i kommunen

Den første virusprøva i Stad kommune vart tatt 29. februar. Ein månad seinare har ein framleis ikkje påvist smitte i kommunen.

Den første virusprøva i Stad kommune vart tatt 29. februar. Ein månad seinare har ein framleis ikkje påvist smitte i kommunen, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Vi har framleis ingen positive koronatestar i Stad kommune. Vi skulle gjerne testa meir, men det blir avgrensa av laboratoriumskapasiteten, orienterte kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld då finansutvalet i Stad møttest på video torsdag.