Stor auke i arbeidsledige i Nordfjord

Regionsjef: – Eg har ikkje sett slike tal før

1.158 personar i Kinn, Stad og Bremanger kommunar står no utan arbeid.

1.158 personar i Kinn, Stad og Bremanger kommunar står no utan arbeid.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

– Det generelle bildet for alle kommunane i Nordfjord er at det er rekordhøge arbeidsløysetal. I mi tid kan eg ikkje hugse å ha sett slike tal, seier regionleiar Kari Tonning for NAV i Nordfjord til Fjordenes Tidende.

Ho viser til at det er det same bilete ein no ser over heile landet.

– Men vi ser at nokre er hardare råka enn andre. Her i tidlegare Sogn og Fjordane er kommunar som har mange arbeidsplassar innan turisme, som Stryn og Aurland, spesielt hardt råka. Det er vanskeleg å seie når vi er tilbake til normalen. Det er ein krevjande situasjon, seier Tonning.

Arbeidsløysa dei siste fire vekene


03.0310.0317.0324.03
Kinn203199377689
Stad8688171352
Bremanger323968117
Vestland7.3017.28518.35433.738

Bråstopp i varehandelen

Arbeidsløysetala som vart presentert tysdag viser at det lokalt er over 1.150 personar som står utan arbeid. I Kinn står 7,4 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid, i Stad er talet 7,5 og i Bremanger står 6,6 prosent utan arbeid. I Vestland, sett under eitt, står 10 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.

I turistkommunane Aurland og Stryn er tala høvesvis 19,2 og 12,5 prosent.

– Vi merkar at det har vore mange bedrifter som har sett seg nøydde til å permittere. I tillegg ser vi at det er mange som ikkje er førstehandsråka, altså at det er ingen i eiga bedrift som er sjuke eller i karantene, men at desse verksemdene blir råka grunna stopp i varehandelen, seier Tonning, og held fram:

– Det vart jo bråstopp i varehandelen etter at restriksjonane frå myndigheitene vart innført.

Treng fleire hender

Samstundes som vi er midt oppe i den verste krisa på arbeidsmarknaden nokon gong, finns mange ledige jobbar som må fyllast.

– Det er paradoksalt nok mangel på arbeidskraft innan fleire viktige samfunnsområde. Innanfor helse- og omsorgssektoren er behovet som kjent stort, men og andre næringar treng fleire hender no.

Ho viser til at næringsmiddelindustrien treng mange ulike operatørar i sine produksjonsliner og at daglegvarehandelen treng kassapersonell, varepåfylling og lagerhandtering. Dei siste dagane har også landbruksnæringa uttrykt stor bekymring for korleis dei skal få nok arbeidskraft til førebuing av sesong, og innhausting av bær, frukt og grønsaker.

– Dette er vitale samfunnsfunksjonar som manglar mange medarbeidarar som følgje av pandemien alt no. NAV har eit ansvar for å hjelpe til å finne naudsynt arbeidskraft til ledige stillingar og dei som er arbeidsledige har eit ansvar for å vere med å løyse dette, seier Tonning.

Ber folk oppdatere kompetanse

Tonning fortel at dei fleste som har blitt ledige har gjort det dei må for å få ytingar frå NAV. Samstundes ber regionleiaren folk om å logge på for å oppdatere CV-en.

– Dette er ein god sjanse for deg som er arbeidsledig eller permittert, men vi må vite kva du kan og kva du ønskjer, seier Kari Tonning.

Ho ber alle om som er ledige om å fylle ut ein kort CV og jobbprofil når du registrerer deg hos NAV som arbeidsledig eller permittert slik at dette vert tilgjengeleg for arbeidsgjevarane. På NAV sine nettsider er ledige og bedrifter kopla saman på ein felles digital plattform. Her kan ein som arbeidsledig søkje ledige jobbar, og arbeidsgjevar kan finne ledige kandidatar.

– Altfor mange hoppar over dette når dei registrerer seg på hos NAV. Du går glipp av ein jobbsjanse og arbeidsgjevaren finn deg ikkje. Som permittert frå jobben din, skal du truleg tilbake dit, men i mellomtida kan du bidra til å løyse viktige samfunnsfunksjonar gjennom mellombels jobb annan stad.

– Har NAV lokalt kapasitet til å takle pågangen frå stadig fleire ledige?

– Det kritiske i første omgang er å få utbetalt pengar til dei som har rett på det. Det har vi eigne forvaltningseiningar som tar seg av, men det kan bli aktuelt at lokalkontora omdisponerer for å kunne hjelpe til med denne oppgåva. Alle dei tilsette lokalt sit på heimekontor og pågangen på fysisk oppmøte er ikkje stor, men det er den på det digitale. Og det er denne kanalen vi ønskjer at folk skal nytte fordi det er der vi kan behandle søknadar og liknande på ein best mogleg måte, seier Tonning.