Fekk med seg fleirtalet på eit nei til å gi formannskapet meir makt

I Kinn kommunestyre sitt første videkonferansemøte enda debatten med at 25 av 39 representantar stemte for at moglegheitene som allereie ligg i kommunen sitt delegasjonsreglement om hastesaker er nok – sjølv i koronakrise.

Første videomøte: Geir Oldeide fekk med seg fleire parti på at det ikkje var nødvendig å overføre ekstra makt til formannskapet på noverande tidspunkt. Men han utelukka heller ikkje at det kunne skje seinare.   Foto: Skjermdump

Nyheter

Forslagsstillar, Raudt ved Geir Oldeide, presiserte imidlertid at deira framlegg gjaldt noverande tidspunkt. Ved eit seinare høve, om situasjonen eskalerer, kan det vere at dei ser behovet for at formannskapet får delegert myndigheit og kan opptre som eit kommunestyre i saker om korona.