Gir 22 millionar i akuttiltak til næringslivet i fylket

– Dette er eit akuttiltak for å hjelpe der det trengst mest, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at eit samrøystes Vestland fylkesutval har vedteke å bruke 22,1 millionar kroner til å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

– Dette er eit akuttiltak for å hjelpe der det trengst mest, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at eit samrøystes Vestland fylkesutval har vedteke å bruke 22,1 millionar kroner til å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.  Foto: Arkiv/Vestland fylkeskommune

Nyheter

Fylkeskommunen ønskjer å dempe konsekvensane av koronaepidemien med eit sett av tiltak for reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge.