Har spelt inn lokale prosjekt som er klare til oppstart

Fagetatar innan samferdsel driv i desse dagar ei kartlegging av prosjekt som kan startast opp raskt. Kinn-ordførar Ola Teigen (AP) har mellom anna spelt inn Skatestraumen-Måløy sør.

Kinn-ordførar Ola Teigen (AP) har mellom anna spelt inn Skatestraumen-Måløy sør.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Frå Kinn kommune vil eg vise til følgande prosjekt: 1. Utdjuping innsegling Florø hamn. Dette prosjektet ligg i inneverande NTP, andre periode. Prosjektet søkte også på den forskoteringsordninga regjeringa kom med nokre år tilbake, men fekk avslag. skriv Teigen i eit brev til Kystverket.