Utrykkingspolitiet:

- Vi kjem til å vere på vegen med kontrollar så lenge vi kan

Utrykkingspolitiet let seg ikkje stanse av koronasmitte-situasjonen som heile verda opplever.

Politiførstebetjent, Torbjørn Sælen i Utrykkingspolitiet seier dei vil fortsette med kontrollar så lenge det er muleg.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Vi kjem til å ha kontrollar i trafikken så lenge vi har friske folk og så lenge vi kan.

Det seier politiførstebetjent, Torbjørn Sælen i Utrykkingspolitiet.

– Det er like viktig å ha fokus på trafikktryggleik på vegane som at folk med svak helse blir smitta av korona-viruset, seier Sælen.

Han understrekar at dei tek smittesituasjonen på høgste alvor.

– Vi held avstand. Vi bøyer oss ikkje inn i bilen som vi av og til gjer. Vi er opptekne av handhygiene og at utstyr vi brukar blir gjort omhyggeleg reint, seier Sælen.

Torsdag hadde han fleire kontrollar i Stad kommune både på Rv 15 på Hjelle og på Haugen. Begge plassar sjekka han trafikken i 60-sonen.

– Det var liten trafikk. Men blant dei som vart kontrollert var det veldig fin køyring. Det var berre ein bilførar som braut fartsgrensa og som fekk eit forenkla førelegg, Seier Sælen.

Denne bilen vart målt til 68 kilometer i timen i 60-sonen.