Har fått 1,3 millionar til å styrke tilbodet

Biblioteka har meir enn tredobla utlånet av e-bøker

Regjeringa og Nasjonalbiblioteket la fredag fram ei krisepakke med ekstraordinære tiltak for å gje folk eit best mogleg digitalt tilbod medan biblioteka er stengde.

Regjeringa og Nasjonalbiblioteket la denne veka fram ei krisepakke med ekstraordinære tiltak for å gje folk eit best mogleg digitalt tilbod medan biblioteka er stengde.  Foto: Patricia Prudente/Unsplash

Nyheter

– Vi blir oppmoda om å halde oss heime, og alle biblioteka i landet er stengde, noko som gjer at vi ikkje kan låne fysiske bøker og anna materiale. Det rammar storbrukarane av bibliotektenestene, som barn, pensjonistar og minoritetar, særleg hardt, skriv fylkeskommunen.

No har biblioteka i Vestland fylke har fått 1,3 millionar kroner frå staten til å styrke tilbodet av e-bøker og e-lydbøker. Samal i Norge fekk biblioteka 20 millionar kroner. Eit anna tiltak er at det blir fordelt 5 millionar kroner til fylka, som dei skal nytte til digital formidling.

– Heile samfunnet må omstille seg som følgje av pandemien, også biblioteka som no er stengde. Difor er Vestland fylkeskommune glad for at staten bidreg til at biblioteka i Vestland kan tilby fleire e-bøker og e-lydbøker. At biblioteka kan tilby eit mangfald av bøker rett heim til folk digitalt, er fantastisk i desse tider, seier leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering Stian Davies.

Ein av rådgjevarane på seksjon for bibliotekutvikling har denne veka brukt mesteparten av arbeidstida si til å kjøpe inn nye bøker. Fylkeskommunen legg særleg vekt på å bygge opp eit freistande tilbod til barn.

Biblioteka merkar at etterspurnaden etter e-bøker har skote i vêret no når vi er i ein unntakstilstand. På slutten av dagen onsdag denne veka, etter at det var kjøpt inn mykje nytt, var det allereie lånt ut 1.500 bøker. Det er meir enn 1000 utlån meir enn i eit «normaldøgn».

– Dette er ei digital krisepakke som sikrar folk tilgang til bøker og bibliotektenester, men det gjev også inntekter til forfattarar og forlag.