Tre nye smittetilfelle i regionen

Etter to dagar utan positive koronatestar i Helse Førde-regionen er det tysdag kveld meldt om tre nye tilfelle.

Etter to dagar utan positive koronatestar i Helse Førde-regionen er det tysdag kveld meldt om tre nye tilfelle.   Foto: arkiv

Nyheter

Det bringer stadfesta tilfelle av covid-19 i Helse Førde sitt område til 43. Dei tre nye siste døgn kom etter at 40 prøver var analyserte.

Desse tre nye koronasmitta er imidlertid førebels ikkje innlagt på sjukehus, for Helse Førde fortel at det framleis berre er to personar innlagt per i dag.


Fører ikkje oversikt over kor mange i kommunen som kan ha smitte

– Vi må berre gå ut ifrå at det er fleire menneske rundt oss som er smitta

No er det påvist fire koronasjuke pasientar i Kinn kommune. Kommunelege Jon Helge Dale meiner det er grunn til å tru at det er eit betydeleg tal utover dette som går rundt og er smitta.


Ingen av desse får intensivbehandling.

Tilsette ved Helse Førde som er i karantene er no 25 av om lag 3000 tilsette, medan det er to tilsette som har stadfesta smitte.