Redningsaksjonen er avblåst

Viste seg at båten har lege opp ned sidan før helga

Redningsdykkarar var på veg til Hornindalsvatnet der ein båt var observert liggande med kjølen i vêret. No er utrykkinga avblåst.
Nyheter

Dette er ifølge regionlensmann Tormod Hvattum ein båt som har lege opp ned sidan før helga. Difor er redningsaksjonen no avblåst.

– Redningsdykkarar frå Måløy rykker ut til ei mogleg drukningsulukke i Hornindalsvatnet. Det har kome inn melding via hovudredningssentralen om at ein båt er observert med kjølen i vêret i vatnet. Det er alt vi veit no, sa vakthavande ved Alarmsentralen til Fjordenes Tidende rundt klokka 13.10 tysdag.

Ifølge Hvattum var brannvesenet ute og sjekka båten måndag.