Drifta rakna i saumane over natta

Flybransjen er ein stor del av Uniformpartner i Selje si kundemasse, i tillegg tilhotell- og reiseliv. Når pandemien slo til for fullt, såg ikkje avdelingsleiar Geir Årvik ein annan utveg enn å permittere.

Permitteringar: Avdelingsleiar ved Uniformpartner i Selje, Geir Årvik har permittert åtti prosent av arbeidsstokken i påvente av betre tider.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Per no er dei 18 tilsette 80 prosent permittert. Men seljeavdelinga til bedrifta, som er ein av landets leiande innan uniformsmarknaden, skal ha folk på huset kvar dag for å betene dei som treng dei. Måndag var første dag med permitteringar, noko som førte til at sjefen sjølv hadde bytta ut kontorpult med pallejekk for å halde hjula i gong i bedrifta.