Her kan du sjå dei nye reglane

Kommuneoverlegen med ny lokal forskrift – avgrensar bruken av campingplassar og gjestehamner

Kommuneoverlegen i Stad kommune har tysdag fatta vedtak om ei ny lokal forskrift for å hindre spreiing av covid-19 og bidra til å halde i hevd nødvendige helse- og omsorgstenester.

Kommuneoverlegen i Stad kommune har tysdag fatta vedtak om ei ny lokal forskrift for å hindre spreiing av covid-19 og bidra til å halde i hevd nødvendige helse- og omsorgstenester.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Vedtaket er gjort med heimel i Smittevernlova § 4-1 og på bakgrunn av nasjonale føringar frå helsemyndigheitene, opplyser Stad kommune.

Forskrifta innber at frå 31. mars så er dette gjeldande i Stad kommune:

- Felles sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom ved alle campingplassar og gjestehamner i Stad kommune skal haldast stengde for å hindre spreiing av smitte

- Overnatting på campingplassar i Stad kommune er berre tillate i hytter/leilegheiter som har eige bad/wc, kjøkken og tilknyting til vatn- og avløpsanlegg

- Det er ikkje tillate å overnatte i campingvogner (inkl. «spikertelt»), bubilar, telt m.m ved campingplassar i kommunen.

- Det er lov å legge til i gjestehamnene sjølv om tilhøyrande sanitæranlegg er stengde

Det nasjonale hytteforbodet gjeld fortsatt

Det nasjonale forbodet mot overnatting på fritidseigedom i annan kommune enn heimkommunen gjeld fortsatt. Dette gjeld også ved leige av fritidsbustadar som hytte eller leilegheit på campingplassar eller andre stadar i annan kommune enn heimkommunen. Kommunen har ikkje adgang til å gi dispensasjon frå det nasjonale forbodet.

Stad kommune peikar på at Helsedirektoratet har oppfordra alle til å unngå fritidsreiser, unngå stader der ein kjem nær andre og å unngå nærkontakt med andre. Dette er litt av bakgrunnen for den nye forskrifta

– Opphald på campingplassar er prega av tett kontakt og felles bruk av sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom tilgjengeleg for alle campinggjestar. Opphald i campingvogn/bubil på campingplassar ber preg av tronge buforhold og nærleik mellom bebuarar i kvar eining. Sanitære installasjonar i campingvogner og bubilar er relativt spartanske. Reint vatn må bringast til vogna frå felles forsyningspunkt på plassen, og avløpsvatn i tank og urin/avføring i toalettank må tømmast i felles anlegg for dette. Til saman gjer dette campingplassar med denne typen buforhold til eit miljø med auka risiko for smittespreiing ved dråpe og kontaktsmitte, skriv kommunen i pressemeldinga.

– I den noverande situasjonen er det nødvendig å førebygge og motverke spreiing av covid-19. Tiltaket er nødvendig både for å beskytte sårbare grupper og for å halde ved lag naudsynt kapasitet i helsetenesta, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Vurderer konsekvensane for folk som små

Negative konsekvensar av vedtaket vil vere ei ytterlegare avgrensing i drifta for dei aktuelle bedriftene og mindre fridom for campingturistar i området.

– Desse konsekvensane vert vurdert som relativt små sett i samanheng med eksisterande nasjonale forskrifter og råd som har til hensikt å avgrense fritidsreiser og risiko for spreiing av Covid-19.

Stad kommune opplyser at dei ikkje tek på seg økonomisk ansvar som følgje av pålagde tiltak. Forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare. Den vil verte oppheva så snart det ikkje lenger er behov for dei pålagde tiltaka.