Det som sjokkerte Odd (90) mest var av synet av krigsruinane

Odd Oldeide (90) er eit av stadig færre tidsvitne frå Tysklandsbrigaden. Han seier det mest sjokkerande var synet av krigsruinane i Hamburg. – Byen var som ei stor steinrøys.

Tidsvitne: Odd Oldeide (90) har levd eit innhaldsrikt liv. Han minnest tida i Tysklandsbrigaden som ei fin tid full av opplevingar, men også med rystande syn, politisk spenning, rykte og mykje løyndom. I livet etterpå har han jobba som maskinist. Han har også drive mykje med sildefiske. Her er veteranen frå Tysklandsbrigaden avbilda utanfor heimen i Holvik.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Det var i 1952 Odd Oldeide vart send til Tyskland som ein del av militærtenesta i det norske forsvaret. Tysklandsbrigaden fungerte i åra frå 1947 til 1953 som ein fredsbevarande styrke etter at andre verdskrig var avslutta i 1945. Oldeide var ein av til saman om lag 50.000 vernepliktige norske menn i 18-20-årsalderen som vart sende i Tysklandsbrigaden.