Koronakrisa kan føre til at kommunen ikkje kjem seg ut av økonomisk svarteliste

Bremanger som andre kommunar blir ramma på inntektssida i koronakrisa, og rådmann Tom Joensen er uroa for at verdiutviklinga i dei ulovlege derivatavtalane kommunen framleis sit på etter Terra-saka, kan bli den største utfordringa – og føre til at dei må bli på den økonomiske svartelista Robek.

Bremanger hadde håpa å kome seg ut av Tobek-lista i løpet av 2020, men må først avvente effektane korona har på finansmarknaden der dei eig nokre svært ustabile finansielle avtalar i Danske Bank.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Bremanger som andre kommunar blir ramma på inntektssida i koronakrisen. KS har lagd prognosar for hva norske kommunar må rekne med å tape i skatteinntekter som følge av permitteringar, oppseiingar og andre korona-tiltak, og for Bremanger sin del er estimatet 3,2-4 millionar kroner.