Mangler Tittel

Vi håpar denne spesielle påska blir så god som den kan bli for alle.

Erling Wåge, redaktør
Nyheter

Dette har vore og er ei rar tid. I snart fire veker har det meste vore sett på vent. Alt av arrangement har blitt avlyst. Bedrifter har blitt stengt. Folk har blitt permitterte. Mange av oss har jobba på heimekontor. All aktivitet i kor, korps og idrettslag er innstilt. Koronasmitten har påverka oss alle i meir eller mindre grad. Men aller verst er det nok for dei som blir sjuke og døyr av dette svært så smittsame viruset som dukka opp i Kina for snart fire månader sidan.