Foreslår å oppheve vedtaket om dispensasjon for utviding av akvakulturanlegget

Bremanger-rådmann Tom Joensen foreslår at klagen frå fylkesmannen blir teken til følgje og at tidligere vedtak om dispensasjon til Nordfjord Forsøksstasjon for utvida produksjon opphevast.

Bremanger-rådmann Tom Joensen foreslår at klagen frå fylkesmannen blir teken til følgje. Saka skal behandlast i formannskapet torsdag. Arkivfoto  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Formannskapet i Bremanger gav 26.03.20 dispensasjon til Nordfjord Forsøksstasjon for utvida produksjon av matfisk av laks og aure på forskingslokaliteten deira på Isane. Søknaden innebar også endra anleggsutforming som gjev auka arealbruk til merder og fortøyingar. Dispensasjonen galdt fortøyingar i område avsett til allmenn fleirbruk i sjø.