Hyllar fjellsporten sin far i ny film

Ein ny film hyllar fjellpioneren Kristian Bing for dei bragdene han utførte i Nordfjord for over 100 år sidan.

Ein ny film hyllar fjellpioneren Kristian Bing for dei bragdene han utførte i Nordfjord for over 100 år sidan.  Foto: Matias Myklebust

Nyheter

Tysdag 12. mai lanserer Visit Nordfjord ein kortfilm meint som eit «kjærleiksbrev» til fjellpioneren som etablerte grunnlaget for den ekstreme fjellsporten i Norge. Filmen bygger på ei hending frå 1895 der Kristian Bing, saman med kjentmannen Rasmus Aabrekk frå Olden, klatra det ekstreme brefallet i Briksdalen, Jostedalsbreen sin mest kjende brearm.