Ikkje fritt fram for bråtebrenning i eigen hage

Denne saka er ein del av bilaget Hus & Heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 8. mai.

Pass på reglane: Mange trur kanskje det er fritt fram for bråtebrenning i eigen hage, men her gjer Huseiernes Landsforbund greie for reglane som gjeld.   Foto: Arkiv

Nyheter

Bråtebrenning kan vere ein fin og nyttig måte for deg å bli kvitt hageavfall på, men ver merksam på at det kan vere svært irriterande for naboen.

– I tillegg kan det vere ulovleg, påpeikar distriktsleiar Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund.

Hovudregelen er at det ikkje er lov med bråtebrenning i tettbygde strøk, men det er mange kommunar som også har totalforbod mot all bråtebrenning. Bråtebrenning har tradisjonelt sett vore ein billig og enkel måte å kvitte seg med halm, lauv, kvister, planterestar og anna hageavfall på, men mange let seg også freiste til å hive på litt ekstra på bålet med det same ein er i gang.

– Men det er slett ikkje sikkert at det du brenner, eller sjølve bålet du brenner det på, er lovleg. Vi oppmodar alle bustadeigarar til å sette seg inn i reglane i sin kommune før dei set i gang, seier Mardal.

I Norge har vi eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål, grill og eingongsgrill i eller i nærleiken av skog. Dersom du ønskjer dispensasjon, kan du søke kommunen om dette.

– Mange er heller ikkje klar over at sjølv der det er lov å brenne bråte, så skal vakthavande brannsjef kontaktast før du set i gang, seier Mardal.

Der ein kommune kan gje løyve til avfalls- og bråtebrenning ved busetnad, kan ein i nabokommunen ha totalforbod mot all avfalls- og bråtebrenning. Det er med andre ord mange variasjonar kring om i landet, så du gjer lurt i å sjekke dei lokale forskriftene.

Brannvesenet si anbefaling er å la vere å brenne hageavfall fordi det er tryggare, betre for miljøet og til mindre sjenanse for folk flest. Planteavfall kan også nyttast til kompost og du kan også levere hageavfallet til gjenvinning.

Hugseliste:

• Sjekk alltid reglane med brannvesen eller kommune.

• Dersom du ikkje brenn i eigen hage, må du ha løyve frå grunneigar.

• Det er ikkje lov med bråtebrenning i mørket.

• Med «hageavfall» meinast berre organisk materiale som gras, lauv, kvist osv.

• Ikkje brenn bråte på dagar med mykje vind.

• Ha tilgang på vatn, og spyl gjerne vatn rundt området.

• Ta omsyn til naboar og andre som blir råka av røyken.

• Brannvesenet skal alltid ha beskjed før du startar opp.

• Ring brannvesenet på telefon 110 dersom situasjonen kjem ut av kontroll.