Kom med ditt turtips

Kva er den finaste staden å besøke?

Fjordenes Tidende skal for 15. gong lage reiselivsmagasinet Havsalt sommar og vi vil gjerne ha med ditt tips til ein fin stad å besøke.

  Foto: Erling Wåge

Nyheter

I sommaravisa Havsalt sommar gir Fjordenes Tidende fastbuande og tilreisande eit innblikk i det mangfaldet av moglegheiter som er i vår region.

Har du eit tips til ein fin gåtur eller eit landemerke som er verdt å besøke? Kanskje veit du om ein fin plass å sjå på solnedgangen eller kanskje ein fjelltur som gir deg spektakulær utsikt?

Du kan sende inn eit turtips eller reisemål, med eit bilete av staden og ein liten tekst om plassen eller turen, til Fjordenes Tidende. Nokre av tipsa vil kome på trykk i Havsalt sommar.

Du kan merke ditt tips med #havsaltsommar på Instagram eller du kan sende det på e-post til fjt@fjt.no. Merk då e-posten med Havsalt sommar.