No får vi nokre dagar med vår igjen

Måndag og tysdag kjem endeleg sola tilbake. Men utover i veka viser dessverre prognosane at regnet kjem tilbake.
Nyheter

I dag, måndag, er det forventa periodar med sol, men utan dei høge temperaturane. Det er meldt om periodevis frisk bris på kysten og skiftande skydekke med enkelte regnbyer og snøbyer i indre og høgareliggande strøk. Frå i ettermiddag varslast det nordaustleg bris, opphald og til dels pent vêr.

Tysdag får vi same temperaturar med nord og nordaustleg bris opp til frisk bris på kysten, men stort sett opphaldsvêr.

Onsdag og torsdag er det per no meldt om overskya vêr, men utan nedbør. Det endrar seg derimot når vi går inn i helga der grå skyer pregar Meteorologisk institutt sine prognosar. Temperaturane vil ligge på rundt ti grader.