Gler seg over å likevel kunne tilby surfeundervisning

Ervik Surfshop får trass koronakrisa likevel vidareføre suksessen med surfeundervisning som eit tilbod til elevar frå Stad kommune. Saman med sponsorane legg dei no opp til sommarsurfing for alle ungdomsskuleelevar i kommunen.

Klar for kurs: Calle Magnusson i Ervik Surfshop vil kvar søndag i løpet av sommaren halde surfekurs for ungdomsskuleelevar frå heile Stad kommune.  Foto: Ervik Surfshop

Nyheter

Koronakrisa gjer at dei planlagde surfetimane til Ervik Surfshop i samarbeid med skulane måtte kansellerast. For at ungdomane frå alle dei tre ungdomsskulane i Stad kommune likevel skal få tilbodet dei vart førespegla, vil Calle Magnusson i Ervik Surfshop derfor tilby gratis surfeundervisning i løpet av sommaren.