«Fylkestinget prioriterte ferjefri E39, ikkje strekningane i mellom ferjene»

Dette innlegget er skrive av Åsmund Berthelse, Fylkestingsrepresentant for SV. 

Nyheter

Dette lesarnnlegget er skrive av Åsmund Berthelsen, Fylkestingsrepresentant for SV.

Eg skjønar at representantar for Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti har behov for å tåkelegge kva vegprosjekt Fylkestinget i Vestland til slutt prioriterte i Nasjonal transportplan (NTP). Men det Jenny Følling (Sp) uttalar til Firda den 12. mai stemmer rett og slett ikkje. Og det er mest så eg lurar på om ho veit kva ho stemte for. Ho seier «Vi held oppe visjonen om ferjefri E39, men meiner at vegen mellom fjordane må byggast fyrst». Eit fleirtal i fylkesutvalet sa det. Eit fleirtal der alle samarbeidspartia var med, også MDG og SV foreslå dette: «Fylkestinget meiner at på sikt må ein mest mogleg ferjefri E39 vere ei målsetting. I første omgang må likevel strekningane mellom fjordkryssingane prioriterast». Gruppeleiaren til Senterpartiet, Alexander Øen Heen sa noko av det same som Følling i politisk kvarter måndag den 18. mai. I fylkestinget gjorde Ap, Sp, V og Kr. F heilomvending og saman med Høgre og Framstegspartiet gjekk dei inn for at ferjefri E39 skal prioriterast i fyrste delen av vegplanperioden 2022-2033, saman med E16 mellom Bergen og Voss. Den sistnemnde er alle einige om. Det handlar om rassikring og liv og helse.

Om ferjefri E39 skal inn i fyrste delen av vegplanperioden betyr det Hordfast, ferjefritt samband mellom Stord og Bergen. Det er ikkje andre fjordkryssingsprosjekt som er klare til å verte sett i gang så fort. Eit gigantprosjektet med firefelts motorveg til ein kostnad på kring 40 milliardar tvers gjennom svært verneverdige naturområde. Og med kraftig trafikkauke inn i Bergen sentrum som resultat.

Alle arbeider for mest mogleg midlar til samferdsle i Vestland, både på sjø, på land, og i lufta. Men dei økonomiske rammene vil aldri bli slik at alt kan gjennomførast dei neste 4–6 åra, og heller ikkje dei seks åra etter det. Difor er prioritering avgjerande. Med å prioritere ferjefri E39 og Hordfast alt i fyrste perioden vert mange andre viktige prosjekt skuva ut i tid og kan hende aldri vert realisert. Det gjeld både meir til fylkesvegar, rassikring, to felt og gul midtstripe på heile E39, og E39 utanom Førde sentrum.

SV lovar å kjempe knallhardt mot Hordfast, og på den måten sikre at viktige prosjekt i den nordlege delen av det nye fylket kan verte realiserte så snart som mogleg. Og så vil vi ta klima- og miljøutfordringane på alvor og ikkje bygge firefelts motorveg gjennom vestlandet sin regnskog. Kampen står til slutt i Stortinget, om eit års tid.