Kommunedirektøren vil ha meir samordning

Ønskjer ny organisering av frivilligsentralane i kommunen

Kommunedirektøren i Kinn ønskjer ei ny organisering av frivilligsentralane, som legger til rette for meir samarbeid og samordning.

Kommunedirektør Terje Heggheim i Kinn foreslår ei ny organisering av frivilligsentralane i kommunen. Dette bildet er frå ein songkveld i regi av Frivilligsentralen i Vågsøy i januar i år.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Kommunedirektør Terje Heggheim foreslår at det blir oppretta ei felles ressursgruppe for frivilligsentralane i Kinn. I ressursgruppa kan det vere personar som representerer frivilligheten som til dømes idrettsrådet og humanitære organisasjonar.