Mobiliserer for dei store vegprosjekta

– Dette er den viktigaste kampen for kysten på fleire tiår

Styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen, Frank Willy Djuvik, reagerer sterkt på at Atløysambandet og Svelgen-Indrehus kan bli utsett i minst fire år.

Frank Willy Djuvik er styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen. 

Nyheter

Fylkesrådmann i Vestland, Rune Haugsdal, foreslår å utsette begge dei to prosjekta langs kysten grunna den stramme økonomien i fylkeskommunen. I arbeidsdokument 2/2020 Økonomiplan 2021–2024 foreslår fylkesrådmannen å utsette realiseringa av både Atløysambandet og delstrekninga Svelgen-Indrehus på Kystvegen Måløy-Florø.