Har sett seg nøydde til å avlyse haustens turné

Klypa og «Global Utblåsing» som skulle vært i Nordfjordhallen laurdag 26. september er dessverre avlyst, og alle som har kjøpt billett, vil få refundert disse, meddeler arrangøren.

Klypa og «Global Utblåsing» som skulle vore i Nordfjordhallen laurdag 26. september er dessverre avlyst.  Foto: Arkiv

Nyheter

– Hausten 2020 skulle vere toppen på kransekaka – endeleg skulle vi ha premiere, og byrje på den etterlengta turneen med det nyaste Klypa-showet, som sjølvsagt er det absolutt beste hittil i Klypa-historia. Slik som vi har jobba, og gledd oss! Så, nesten over natta- vart alle forventningane vi hadde, både til ein veldig kjekk vår og sommar, men også til hausten og julebordsesongen, snudd på hovudet, og endra til vårt verste mareritt. Kanselleringane for eventane framover kom uventa, og i store mengder. Plutseleg stod vi utan jobb og inntekt i uoverskueleg framtid. Livet vårt vart fylt av bekymringar, både over dette viruset som truar, og over framtida til Klypa, skriv arrangøren i ei e-post.