Inviterer til skrivekonkurranse om miljøutfordringar

Vestland fylkeskommune inviterer saman med framtida.no til skrivekonkurranse for barn og unge. Tema er miljø og miljøutfordringar, og forfattar Ingelin Røssland bidreg med skrivetips.

Forfatter Ingelin Røssland deler sine skrivetips i samband med skrivekonkurransa som Vestland fylkeskommune har invitert til saman med framtida.no. (Pressefoto). 

Nyheter

Konkurransen er delt i to klassar – ein for dei under 14 år og ein for dei under 21 år. I kvar klasse kan deltakarane velje mellom tre oppgåver dei kan svare på – alle med ulik tematikk.

Kan velje ulike tema og sjangrar

Tema barn og unge kan ta utgangspunkt i, er blant anna koronakrisa versus klimakrisa, skjulte miljøutfordringar, og kvifor er vi glade i naturen. Deltakarane kan skrive eit lesarinnlegg, ein skjønnlitterær tekst, forfatte eit dikt, lage ein teikneserie eller anna om miljø og miljøutfordringar.

Fristen for å sende inn bidrag er 12. juni. Innsende bidrag vert publiserte og viste fram på ulike måtar i etterkant av konkurransen.

Kvalitetssikre kjelder og kunnskap

Skrivekonkurransen er del av prosjektet Kjelda ved seksjon for bibliotekutvikling i fylkeskommunen. Det handlar om å formidle kvalitetssikra kjelder og ressursar ein finn på sitt lokale folkebibliotek.

– Folkebiblioteka er ein sentral arena for å utveksle meiningar og kvalitetssikre kunnskap. Gjennom denne skrivekonkurransen tek vi tak i samfunnsutfordringane vi står overfor. Vi håpar på mange bidrag frå barn og unge om dette viktige temaet. Miljøutfordringane har mykje å seie for framtida deira, og vi meiner difor det er ekstra viktig at dei kjem til orde, seier Ruth Ørnholt, seksjonsleiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Ei kjelde til miljøfakta er ei nettside som kallas Miljøstatus.

Åtte skrivetips

Miljøutfordringar, kjeldekritikk og kvalitetssikring av fakta er nokre delar av skrivekonkurransen – ein annan er det å inspirere barn og unge til å skrive kreativt. Forfattar Ingelin Røssland bidreg med dei åtte skrivetipsa sine.

Tipsa er samla i sju videoar, som er samla på denne sida.