Nytt tilbod i sentrum

Opnar dørene for ein sommar med aktivitetar

Om ikkje lenge kan bygdefolk og tilreisande i Selje låne sport- og fritidsutstyr utan vederlag. Tilbodet skal etter planen stå klart før sommaren, og vil bli å finne i det tidlegare sjøsportsenteret i sentrum av bygda.

Gratis: I det gamle sjøsportsenteret i sentrum av Selje kan snart bygdefolk og tilreisande låne seg gratis sport- og fritidsutstyr av Maria Helgesen i Selje frivilligsentral.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Det er den ideelle organisasjonen BUA som skal få fotfeste i Selje denne sommaren. Dei siste åra har tilbodet eksistert på kommunesenteret Nordfjordeid, og med eit uttalt mål om å ha dei same tilboda i heile kommunen, vert derfor tilbodet snart å sjå også i ytre.