Kommunen får støtte til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar

Fylkesmannen tildeler 45.500 kroner til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i Kinn kommune for skuleåret 2020.

Fylkesmannen tildeler 45.500 kroner til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i Kinn kommune for skuleåret 2020.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Fylkesmannen har mottatt ein søknad frå Flora Frivilligsentral om symjeopplæring for 26 elevar, og tildeler etter det 45.500 kroner til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i Kinn kommune for skuleåret 2020.

Satsen for tilskot blir fastsett årleg av utdanningsdirektoratet, og for 2020 er den sett til 1.750 kroner.per elev som får symjeopplæring.

– Tilskotet skal vere eit bidrag til at kommunen kan gjennomføre symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i grunnskuleopplæringa. Målet med tilskotet er å setje elevane i betre stand til å nå kompetansemåla i læreplanen, og redusere ulykker ved bading. Kommunen skal rapportere til Fylkesmannen på tal elevar over og under 18 år som gjennomfører symjeopplæringa, og på tal timar som er gitt, skriv Fylkesmannen til Kinn kommune.

Alle elevar i norsk grunnskule har ellers rett til symjeopplæring frå første klasse. Dette tilskotet gjeld ekstra opplæring til tilflyttarar som nettopp har kome hit og som kanskje ikkje har hatt symjeopplæring i landet dei kom frå.