Lempar litt på strenge besøksreglar

Legg til rette for eit eige besøksrom innandørs

No legg Kinn kommune til rette for eit eige besøksrom innandørs ved institusjonane i kommunen der pårørande kan besøke sine etter avtale.

No legg Kinn kommune til rette for eit eige besøksrom innandørs ved institusjonane i kommunen der pårørande kan besøke sine etter avtale.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Vi har no ikkje hatt nokon smitta med covid-19 iein lengre periode, så smittemessig ser situasjonen i Kinn veldig bra ut. Det vi må passe best på er at vi ikkje får smitte inn på institusjonane våre. Der er pasientar som har fleire underliggande sjukdommar og som er i risikogruppa dersom dei vert smitta. Derfor er besøksrestriksjonane på institusjonane framleis strenge, seier kommunedirektør Terje Heggheim i sitt fredagsbrev.