Innstiller på at utbyggar må endre planane drastisk

Meiner det nye steinbrotet er over grensa for kva kulturlandskapet i området kan tole

Torsdag 28. mai skal fylkesutvalet behandle fråsegn til reguleringsplan for steinbrot på Aksla i Bremanger kommune etter at det har vore på andre gongs offentleg ettersyn. Fylkesrådmannen meiner ein ikkje bør tillate utbygginga slik planane er i dag.

Vil utvide: Bremanger Quarry ønskjer å starte eit nytt steinbrot på Akslafjellet mellom Dyrstad og Hennøystranda. Bildet er frå dagens steinbrot på Sætrefjellet, og er tatt for nokre år sidan.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Fylkesrådmann Rune Haugsdal er ikkje positiv til storutbygginga, og innstiller på at fylkesutvalet opprettheld motsegnene knytt til kulturminne, landskapsbilete og vassmiljø frå vedtaket i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane 31. august 2018.