Får 52.000 kroner til å bruke på lokale transporttilbod for ungdom

Fylkeskommunen gir tilsegn om eit tilskot på 52.196 kroner til lokale transporttilbod for ungdom i Kinn kommune. 

Fylkeskommunen gir tilsegn om eit tilskot på 52.196 kroner til lokale transporttilbod for ungdom i Kinn kommune. Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

I tillegg har kommunen kr 42.104 på fond, totalt 94.300 kroner, skriv fylkeskommunen og viser til at det finst ein del vilkår for å kunne nytte midlane:

- Midlane skal nyttast til fleksible transporttilbod, det vil seie bestillingsruter, der oppslutnaden er avgjerande for om ruta går.

- Reisene skal vere opne for alle i målgruppa.

- Reisene skal i hovudsak gå på ettermiddag og kveld på kvardagar. Reiser på andre tidspunkt må vere gjort greie for i søknaden, og godkjent ved tilsegn om tilskot.

- Reisene skal gå til/frå nærområda i kommunen. Hovudregelen er at reisene skal gå i Sogn og Fjordane. Reiser ut frå gamle fylkesgrenser skal vere gjort greie for i søknaden, og godkjent ved tilsegn om tilskot. Midlane skal ikkje nyttast på turar som inneber overnatting.

- Transporttenester kan berre kjøpast frå dei som har godkjent løyve for persontransport og skyssen må ikkje leggje seg i direkte konkurranse med det ordinære kollektivtilbodet. Det er forventa at ein når det er mogleg, nyttar seg av allereie eksisterande ruter.

- Det skal etablerast ei prosjektgruppe med ungdomsrepresentasjon som har ansvar for å organisere skyssen. Gruppa skal sjå om det er mogeleg å få inn midlar også frå andre, til dømes kommunen eller frivillige organisasjonar. Vidare må prosjektgruppa bestemme kva brukarane skal betale for skyssen, og ta ansvar for at skysstilbodet held seg innanfor dei midlane ein har til rådvelde.

- Kommunen får utbetalt tilskotet og er «bank» for prosjektet.