Lyser ut sju stipend på 40.000 kroner til idrettstalent

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har bestemt at Vestland fylkeskommune skal lyse ut sju utviklingsstipend innan idrett. Kvart av stipenda er på 40.000 kroner.

Illustrasjonsbilete av Skavøypoll stadion.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det skriv Vestland fylkeskommune på sine heimesider.

– Vi vil vere med og hjelpe fram unge, lovande idrettsutøvarar i fylket vårt. Stipenda skal gå til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar i idretten sin, og som er med og setje Vestland på kartet. Å få fram utøvarar på eit høgt nivå kan også inspirere andre og yngre utøvarar til å satse, og slik er vi med og sikrar rekruttering i idretten i fylket, seier leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, Stian Davies.

Fristen for å søkje om utviklingsstipendet er 1. oktober, og det blir lagt ut både retningsliner og lenke til søknadsskjema på heimesida til fylkeskommunen.

– Utøvarane set stor pris på stipendordning

I vurderinga av søkjarane skal det leggjast vekt på idrettsprestasjonane til søkjar, potensial for vidareutvikling og ambisjonar og planar for vidare satsing. Det skal også vere kjønnsbalanse i tildelinga, ut frå søkjarmassen.

Olympiatoppen Vest skal gje råd ved tildelinga. Pia Mørk Andreassen er dagleg leiar i Olympiatoppen Vest, og er glad for at stipendordninga, som tidlegare har eksistert i Hordaland, no blir vidareført og utvida til heile fylket.

– Dette viser at fylkeskommunen set pris på den jobben unge utøvarar gjer, noko som er veldig bra. Eg veit at utøvarar som har fått stipend tidlegare, har sett veldig stor pris på dette – både på pengane og det å bli sett og bli sett pris på. Det gjer noko med motivasjonen for å kunne vidareutvikle seg sjølv og talentet sitt, seier Andreassen.

Forslag om å inkludere e-sport

Hovudutvalet vedtok stipendordninga i møtet 19. mai. Frp sette fram forslag om at også e-sportutøvarar skal kunne søkje på ordninga. Forslaget fekk stemmene til Frp, FNB, MDG og Raudt og vart ikkje vedteke.

Fleirtalet i utvalet ønskjer ikkje å inkludere e-sportutøvarar i denne omgang, grunna den pågåande usemja mellom Norges E-sportforbund og Norges Idrettsforbund.