Prøvde å stikke av frå politiet i natt

Litt over klokka 02.00 natt til laurdag prøvde politiet å stanse ein personbil i trafikkontroll i Strandgata i Florø.

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Men bilføraren gav gass og stakk av utan å stanse, opplyser Vest Politidistrikt..

Etter kort tid så fekk politiet stansa bilen, og dei tok hand om føraren som blei teken med til blodprøve med mistanke om promille.