Snart klar med nyreparert landgang på klosterøya

Fjordenes Tidende har fått eit tips om at landgangen frå flytebrygga i Klostervågen manglar, noko som vanskeleggjer ilandstigning frå klosterbåten.

Til reparasjon: Ein tipsar har sendt oss dette biletet som syner at landgangen frå flytebrygga i Klostervågen på Selja manglar og gjer det vanskeleg å kome seg i land.  Foto: Privat

Nyheter

Spesielt for eldre og uføre grupper gjer den manglande landgangen det vanskeleg å kome i land. Slik det er no legg båten til ved hovudkaia og folk må klatre i land.