Opphevar vedtaket om permittering av 10. trinn

Kinn kommune opphevar vedtaket som ble gjort om å permittere elevane ved 10. trinn fra 8. juni.

Kinn kommune opphevar vedtaket som ble gjort om å permittere elevane ved 10. trinn fra 8. juni.  Foto: Privat

Nyheter

– Elevar i 10. trinn skal møte på skulen etter 8. juni. Vedtaket som blei gjort om å permittere elevane frå 8. juni er oppheva, skriv Kinn kommune på sine sider.


Har bestemt at alle tiandeklassingar i kommunen må avslutte skuleåret 8. juni

– Med bakgrunn i at undervisninga vert avslutta og at smittevern-tiltak ikkje gjev opning for større sosiale arrangement og skuleturar, har vi vedtatt å permittere elevane i 10. klasse frå og med 8. juni, skriv Kinn kommune på sine heimesider.


Den 28. mai informerte regjeringa om at det kjem nye retningslinjer for smittevern i skule og barnehage som gjeld frå 2. juni. I dei nye retningslinjene er 1-metersregelen oppheva, og dette gjer det mogleg å fortsette skuleåret med fulle klassar på skulen og fulle avdelingar i barnehagane.

På bakgrunn av dette har Kinn kommune vald å oppheve vedtaket om å permittere 10. trinn frå 8. juni. Etter samråd med fylkesmannen i Vestland har ein funne at dette er riktig å gjere. Kvar skule vil kome med meir informasjon og plan for resten av skuleåret, skriv kommunen.