Varslar gjennomgang av organisasjonen der nedbemanning er eitt av grepa ein no må ta

Kommunedirektør Terje Heggheim peikar på den vanskelege økonomisk situasjonen Kinn kommune er i. No kjem ein ikkje unna ei nedbemanning – og også andre spare- og effektiviseringstiltak er aktuelle.

Kommunedirektør Terje Heggheim peikar på ein vanskeleg økonomisk situasjon. Ein kjem ikkje unna ei nedbemanning og også andre spare- og effektiviseringstiltak er aktuelle.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Kommunestyret har vedtatt ein økonomiplan som får følgjer for kommunen si bemanning. I tillegg kjem ei monaleg utfordring som følgje av revidert nasjonalbudsjett, og uvisse om tapte inntekter i koronatida, Havbruksfondet og redusert utbytte av eigarskapen vår. Dette gjer situasjonen endå meir vanskeleg, skriv kommunedirektøren i fredagsbrevet til Kinn-tilsette og innbyggarane i kommunen.