Opnar dei fleste skattekontora igjen

Frå og med 2. juni vil nesten alle skattekontor der du kan få gjennomført ID-kontroll vere opne for publikum som har bestilt time.

Frå og med 2. juni vil nesten alle skattekontor der du kan få gjennomført ID-kontroll vere opne for publikum som har bestilt time.  Foto: Presse

Nyheter

Det vil foreløpig berre vere mogleg å bestille tid for utanlandske statsborgarar som skal søke om skattekort for første gong, for norske og utanlandske statsborgarar som skal melde innflytting til Norge, eller dei som må møte personleg for å bekrefte farskap.

Skatteetaten starta 18. mai ei gradvis gjenopning av skattekontora for publikum. Kontora er no opne for timebestilling for tenester som krev fysisk oppmøte.

− Vi opna først opp 18 kontor. Dette har gått bra og eg er glad for at nesten alle kontor som tilbyr tenester som krev fysisk oppmøte no er opne for publikum. Det er viktig for Skatteetaten å sikre at tenester som er viktig for publikum og for samfunnet no er tilgjengeleg for dei som treng dei, seier divisjonsdirektør for brukardialog i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

Ho legg til at dei som skal møte opp på skattekontoret må bestille time på førehand. Skattekontora er ikkje opne for andre tenester.

Du kan no bestille time for fysisk møte på desse skattekontora:

Alta, Bergen, Bodø, Egersund, Førde, Gjøvik, Grimstad, Grålum, Hamar, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Kirkenes, Kristiansand, Kristiansund, Leikanger, Leira i Valdres, Leknes, Lillestrøm, Lyngdal, Molde, Namsos, Narvik, Nordfjordeid, Norheimsund, Oslo, Otta, Rana (Mo i Rana), Sandnessjøen, Sandvika, Skien, Sortland, Stavanger, Steinkjer, Svalbard, Tromsø, Trondheim, Tynset, Tønsberg, Ulstein, Vadsø, Ålesund.

Skatteetaten legg stor vekt på sikkerheit og smittevern, både for publikum og medarbeidarar når vi no opnar for timebestilling.

− Det er viktig at vi kan opne for nødvendige publikumstenester. Samtidig må dette skje i samsvar med gjeldande råd om smittevern gitt av myndigheitene om koronapandemien, understrekar Gjengedal.