Lokalt ungdomslag fekk årets aktivitetspris

Aktivitetsprisen går i år til Stadlandet ungdomslag, melder regionlaget Sogn og Fjordane Ungdomslag. 

Stadlandet Ungdomslag er særleg kjent for å arrangere Dragseidespelet «På Sverdeggja»  Foto: Pressefoto

Nyheter

– Som regionlag tykkjer vi det er viktig å stimulere og vise interesse for kva aktivitetar og planar lokallaga har. Ikkje minst er det inspirerande for både oss i styret og andre lag å få innsikt i kva aktivitetar andre lokallag har. Denne gongen hadde vi òg eit ønskje om å heidre Margit Fløde for hennar innsats. Margit har i mange år gjort ein uvurderleg innsats for både lokallaget og Dragseidspelet, fortel styreleiar Hildegunn R. Gjelsvik i Sogn og Fjordane Ungdomslag.