Elevane gjekk ut av skuleporten for siste gong

– Det er litt leit å forlate skulen, men vi gler oss til ny skule, nye venner og forandring

Etter 35 år med drift, vert klasseromma låst og porten lukka ved Kolset skule ved Rugsund i Bremanger. Elevane er spente på forandring og nye vener, men synest også det er litt rart.

Siste dagen: Dei 13 elevane ved Kolset skule går ut av porten for siste gong. Til hausten begynner dei på Davik skule, og skulen på Kolset vert nedlagt.   Foto: Kjell Askeland

Nyheter

Dei 13 elevane ved Kolset skule var på plass, saman med dei to lærarane, den siste dagen.