Om du ser redningshelikopteret fly rundt Hornelen i ettermiddag, ikkje bli bekymra

I dag øver mannskapet nemleg berre på redningsoperasjonar på og rundt det kjende fjellet.

I dag øver mannskapet nemleg berre på redning på og rundt det kjende fjellet.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det er Vest politidistrikt som opplyser om at redningshelikopteret som er stasjonert i Florø vil gjennomføre ei øving eit par timar i ettermiddag, torsdag.

Politiet vil gjerne seie ifrå slik at folk ikkje skal uroe seg unødig.

Det har vore fleire øvingar den siste tida, for berre ei veke sidan øvde det same helikopteret og mannskap på samhandling på livberging ved Vågsvåg.


Trena på å berge personar opp frå havet

– Det er viktig å trene på å samhandle på livberging, seier helikopterpilot Rune Meyer Amundsen.