To personar huslause etter storbrann

Brannvesenet rykte ut med full styrke, men det overtente huset kunne ikkje reddast

Like etter klokka 15.00 fredag rykte brannvesenet ut med full styrke. Eit bustadhus på Raudeberg i Kinn kommune står i full fyr. Alle naudetatar er på staden.
Nyheter

Huset, som er på to etasjar, blei raskt overtent, og rapportar frå staden er at huset kjem til å brenne ned.

– To personar har vore i huset og begge skal ha kome seg ut, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Fjordenes Tidende.

Det brenner i eit bustadhus på Raudeberg.   Foto: Gjert Myrestrand

Vaktleiar ved Alarmsentralen, Frode Eide, kan bekrefte at det var to personar i huset, men at desse har kome seg ut.

– Dei framstår uskadde slik meldingane er, det er ikkje melding om personskader, seier han.

Om dei har blitt utsett for røyk, veit han ikkje noko om.

– Er det fare for andre hus i nærleiken?

– Nei, siste melding no, klokka 16.04, er at mannskapa har begynt å melde ein viss kontroll over brannen, seier Eide, som likevel ikkje kan bekrefte at brannen er slokka.

– Nei, det er den ikkje, men meldingane om at den er under kontroll har begynt å kome.

Årsaka til at brannen starta er ikkje kjent.

  Foto: Gjert Myrestrand

  Foto: Gjert Myrestrand

  Foto: Gjert Myrestrand

  Foto: Gjert Myrestrand