Inviterer til ope møte

Fiskarlaget samlar bransjen for å diskutere kvar vegen går etter den nye kvotemeldinga

– Som ei oppfølging av Stortinget sitt kvotevedtak arrangerer Sogn og Fjordane Fiskarlag ope møte i Bremanger tysdag 30. juni, fortel dagleg leiar Henriette Skaar.

– Som ei oppfølging av Stortinget sitt kvotevedtak arrangerer Sogn og Fjordane Fiskarlag ope møte i Bremanger tysdag 30. juni, fortel dagleg leiar Henriette Skaar. Bildet er frå eit tidlegare møte om fiskeria. Håkon-Inge Mjånes (t.v.) nestleiar i Bremanger Fiskarlag, Henriette Skaar, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, og Monica Sande, hamnesjef i Bremanger. Øystein Sandøy frå Nordfjord Fiskarlag var ordstyrar den gongen.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Møte vil vere i Iglandsvik Næringspark på Igland i Bremanger.

– Møtet er ope for fiskarar, politikarar og andre som er interessert i fiskerinæringa, seier Skaar, og håpar mange vil ta turen for å kome med sine innspel til denne endringa ny kvotemelding medfører for bransjen.



Agenda for møtet er vil vere Stortinget sitt kvotevedtak, og generalsekretær i Norges Fiskarlag, Otto Gregussen, skal innleie.

– Vi oppfordrar medlemmer, ikkje-medlemmer og politikarar til å ta turen til Bremanger, seier Skaar som meiner det er behov for ein diskusjon for å kartlegge og klargjere konsekvensane vedtaket får for bransjen og fiskarane.


I etterkant av rapport fra Riksrevisjonen

Krever at regjeringen trekker kvotemeldingen

Arbeiderpartiets fiskeripolitiske talsperson Cecilie Myrseth mener det er uforsvarlig å ferdigbehandle kvotemeldingen uten å ta inn over seg den alvorlige kritikken som kom fra Riksrevisjonen i dag.


Det vil også bli høve til diskusjon under møtet.


Meiner departementet må ha gjort ein glipp i kvotemeldinga

Meiner departementet må ha gjort ein glipp

Rune Nilsen, reiar og skipper på garnbåten Skjongholm, stiller spørsmål ved kva som skjer med maksimalkvotane i Nordsjøen. Denne ordninga er ikkje nemnt i Nærings- og fiskeridepartementet si nye kvotemelding.