Ta turen på hesteryggen

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

På Norsk Fjordhestsenter har ein moglegheit til å helse på fjordhesten. Det blir tilbod om turar og omvising kvar dag frå 14. juni til 15. august. Det blir tilbod om leieturar for ungar kvar dag og ein tilbyr rideturar til Utsikten, eit utkikspunkt som gir flott utsikt over Nordfjordeid.

I helgene er det også tilbod om rideturar i Hjelmelandsdalen. I løpet av sommaren skal ein også ha fire aktivitetssøndagar. Fjordhestsenteret tar også imot booking frå grupper.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.