Jobba lenge med å få kontroll på siste rest av brannen

To personar huslause etter storbrannen

Skadestadsleiar og brannsjef i Kinn Kim Hjelle fortel at dei no driv etterslokking ved bustadhuset på Raudeberg, men at det var ein del av brannen dei måtte jobbe med å få sløkt heilt.

Skadestadsleiar og brannsjef i Kinn Kim Hjelle fortel at dei no driv etterslokking ved bustadhuset på Raudeberg, men at det er ein del av brannen dei jobbar med å få sløkt heilt.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Brannen beveger seg fram og tilbake inne i huset, og det ligg noko og ulmar framleis bak ein vegg, fortel Hjelle, som forklarer at det er vanskeleg å kome til.

Han bekrefter at ingen er skadde i brannen, heller ikkje røykskadde, men at huset har brent ned til grunnen.

– Huset er totalskadd, seier han.

  Foto: Gjert Myrestrand

To personar huslause etter storbrann

Brannvesenet rykte ut med full styrke, men det overtente huset kunne ikkje reddast

Like etter klokka 15.00 fredag rykte brannvesenet ut med full styrke. Eit bustadhus på Raudeberg i Kinn kommune står i full fyr. Alle naudetatar er på staden.


Det er framleis mykje røyk i området og mannskapa bruker også maske utanfor branntomta.

Men brannen er under kontroll, mannskapa driv etterslokking, og ingen liv har gått tapt.