Fjordenes Tidende si digitale scene

Tone drøymer om å leve av musikken, høyr henne synge her i kveld

Tone Hessevik frå Bryggja syng på Fjordenes Tidende og Parken kulturhus si digitale scene fredag kveld kl. 19.30.

Nyheter

Tone er frå Bryggja og går siste året på musikklinja. Til hausten skal ho gå på friluftsliv på Bømlo folkehøgskule.

– Eg er veldig glad friluftsliv, trening, musikk, dans og å vere sosial med venner og familie, seier Tone som fortel at ho har elska musikk sidan ho var lita.

– Eg har gått på songundervisning i mange år, og er glad i dei fleste sjangrar, alt frå opera til pop. Mine to stor forbilde er Christina Aguilera og Demi Lovato, seier Tone, som drøymer om å kunne drive med musikk på fulltid..

– Men eg har også ein plan om å utdanne meg til grunnskulelærar, smiler ho.

Fredag 19.30 kan du høyre Tone synge songar ho likar i eit variert repertoar på Fjordenes Tidende og Parken kulturhus si digitale scene.