Helse- og omsorgsministeren på besøk

– Mest sannsynleg vil vi få lokale oppblomstringar som ein må slå ned lokalt, det må ein vere førebudd på også her

– Det er ikkje eit nederlag om det kjem smitte til Eid, for det er snakk om flaks og uflaks, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie, som møtte helseseksjonen i Stad kommune fredag. På programmet stod både koronasituasjonen og prosjektarbeid ved Eid legekontor.

Etter møtet med helseseskjonen i Stad kommune inviterte ordørar Alfred Bjørlo i Stad kommune (f.v.) helse- og omsorgsminister Bent Høie saman med politisk rådgjevar Erlend Svardal Bøe (bak) til Sagaparken på Nordfjordeid.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) besøkte fredag Stad kommune. Sjølv om kommunen ikkje har fått påvist koronasmitte, understreka Høie viktigheita av å framleis ta forholdsreglar inntil ein vaksine er på plass.